Ordføraren klipte filmrull i Innvik

Ordførar Sven Flo klipte over filmrullen og opna dei nye lokala til Filmdigitalisering i Innvik. (Foto: Steinar Hilde). 

Nyhende

I helga var det formell opning av dei nye lokala til Filmdigitalisering AS i Innvik. Ei bedrift som tilbyr digitalisering av av gamle analoge filmopptak. Etter over to år med arbeid kunne Steinar Hilde stolt vise fram det som var blitt studio, museum og show-room i den tidlegare låven. Ordførar Sven Flo var på plass og opna det heile på høgtideleg vis, og snora var sjølvsagt bytt ut med 16mm filmrull.

- Før eg klipte måtte eg forsikre meg om at Steinar var trygg på at filmrullen ikkje var ein gammal uerstatteleg film, fortel ordføraren. Han er imponert over det Hilde har fått til.

- Veldig moro at vi kan ha ein slik type bedrift i kommunen vår, seier Flo.

- Utruleg givande og oppløftande å satse vidare, når ordføraren støttar vårt arbeid og stiller opp og utførar denne symbolske handlinga. På denne måten viser han at ei lita gründerbedrift med lokale i en gammal låve i Innvik også betyr noko for kommunen, kommenterer Steinar Hilde.