Planlegg taubane frå Loen og restaurant 1.008 m.o.h.

Illustrasjonen viser korleis taubana frå Loen til Hoven vil kunne ta seg ut. (Foto/illustrasjon: Ernst Riha/Naturservice DA) 

Richard Grov t.v. og Rune Holen meiner prosjektet til om lag 150 millionar kroner vil vere unikt både i nasjonal og internasjonal målestokk. (Foto: Bengt Flaten) 

Nyhende

Ei prosjektgruppe i Loen planlegg bygging av taubane til fjellet Hoven, restaurant på toppen og tilrettelegging for vandrevegar og skiaktivitetar, både offpiste og preparert. Prosjektet er kostnadsrekna til 150 millionar kroner pluss moms. Går alt som planlagt, er målet å invitere til offisiell opning sommaren 2016.

- Vi ønskjer å ta Loen og Hoven opp i mellomeuropeisk standard som heilårs turistdestinasjon. Moglegheitene i dette fjellområdet er enorme. Difor vil ei taubane frå fjøresteinane i Loen til Hoven, 1.008 meter over havet, vere sjølve navet i satsinga, seier Richard Grov og Rune Holen i prosjektgruppa for utbyggingsprosjektet.

Prosjektet heiter SleipnerHoven Loen anno 2016, og prosjektgruppa legg no opp til ein offensiv framdriftsplan der første milepåle er stifting av utbyggingsselskap i februar 2015.