Slik såg ikkje vegen ut etter besøket av Dagmar

Vegen til Otterdal er bygd solid og er utstyrt med autovern på heile strekninga. (Foto: Bengt Flaten) 

Slik såg vegen ut etter Dagmar sine herjingar 25. desember 2011. (Foto: Bengt Flaten) 

Og slik ser han ut i dag. (Foto: Bengt Flaten) 

Nyhende

25. desember 2011 vil for alltid stå i historiebøkene som dagen då vegen til Otterdal forsvann. Juleorkanen Dagmar skylte vegen på vatnet og otredølene måtte klare seg utan veg i 700 dagar.

For kort tid sidan inviterte Statens vegvesen til opning av den nye vegen. Opninga skjedde etter nok ein stormfull natt, men denne gong heldt vegen i mot naturkreftene.

Vegen som no er bygd er solid og skal stå i mot både ver, vind og vatn. På dagen to år etter at vegen vart vaska ut i vatnet viser vi bilete av Otterdalsvegen slik han ser ut no, og slik han såg ut i romjula 2011.