Lokale talent får spele med Alexander Rybak

Alexander Rybak. (Illustrasjon: SOFORK) 

Nyhende

Åtte av feleelevane i Stryn kulturskule skal vere med på Sogn og Fjordane symfoniorkester (SOFORK) sine nyttårskonsertar i Førde og på Sandane med gjestesolist Alexander Rybak.

Totalt er det omlag 30 unge talent som skal vere med på fire nummer i lag med SOFORK og gjestesolist Alexander Rybak.

Dei åtte elevane frå Stryn kulturskule som skal vere med er Selma Flo Munch,  Hjelledalen, Nanda van Kessel, Blaksæter, Karen Ueland, Innvik og Astrid Lovise Hilde, Inger Anne Kårstad, Ragne Verlo Heggdal, Alva Verlo Heggdal og Mathea Carlsen, alle Utvik.

- Det blir ein flott konsert med mange klassike perler, litt folkemusikk og Alexander Rybak sine eigne songar, fortel Mette Carlsen, felelærar i Stryn kulturskule.