Beslagla førarkort i Innvik

Illustrasjonsfoto: Bengt Flaten 

Nyhende

UP beslagla eit førarkort hos ein mann i 20-åra etter ein fartskontroll i Innvik i går.

Mannen køyrde i 72-km/t i 50-sona, og politiet oppretta sak der førarkortet vart beslaglagt på grunn av for mange prikkar i førarkortet, går det fram av politiloggen.

Det vart også skrive ut to forenkla forelegg under kontrollen.