Heider for kosmetikk

På biletet ser ein m.a. frå v. Marcus Svanberg, direktør for Oriflame Skandinavia, i midten Anita Nyhammer og den svenske vinnaren Birgitta Niklasson , Måns Zelmerløv, og til høgre Fredrik Nilsson, direktør for Oriflame Vest-Europa. (Foto: Oriflame) 

Nyhende

Anita Nyhammer frå Stryn har blitt heidra av kosmetikkfirmaet Oriflame. Oriflame, grunnlagt i Sverige i 1967, er i dag eit internasjonalt selskap med sal i meir enn 60 land. Verksemda har i år vore i Norge i 45 år.

Anita Nyhammer, som starta som konsulent med home parties for kosmetikkfirmaet for 32 år sidan, er i dag regionalsjef for Oriflame på Vestlandet og fekk nyleg Kontorets Hederspris under ein festmiddag i Stockholm.

- Vi var i Stockholm på konferanse og show for å få info, fagleg påfyll og orientering om komande nyheiter. Der vart det også delt ut heider for resultat. Eg set stor pris på å ha fått Kontorets Hederspris. Det er ein pris som heng svært høgt, og eg er verkeleg stolt av å ha fått han, seier Anita Nyhammer til Fjordingen.