Ompapengar til almennyttige formål

Deler av overskotet frå fjorårets oktoberfest skal no kome lag og organisasjonar til gode. (Foto: Roy Aron Myklebust). 

Nyhende

2013 var eit godt år for oktoberfesten i Stryn -også økonomisk. No ønskjer arrangøren, Stryn Ping Pong Club (SPPC), å dele noko av overskotet med lag og organisasjonar i Stryn og Hornindal.

-Vi har oppretta gåvemidlar som vi ønskjer skal gå til gode tiltak og prosjekt i Stryn og Hornindal kommune. Vi legg opp til elektronisk søknadsskjema via heimesidene våre, opplyser lovmann Bø frå SPPC.

Han ønskjer ikkje å seie så mykje om kva type prosjekt som kan søkje, i fare for å ekskludere nokon. Men dess meir almennyttig dess større er sjansen for uttelling på søknaden.

- Ein må fortelje kva tiltaket eller prosjektet går ut på, og seie noko om dei økonomiske rammene. Under Ping Pong revyen i påska vil vi offentleggjere kven som får midlar, seier Bø.