Uvisst om det blir drift på sommarskisenteret

Illustrasjonsfoto. (Vibeke Rand) 

Nyhende

Det er ikkje berre skisentera i låglandet som slit med snømangel. Situasjonen er den same for sommarskisenteret på Tystigen.

- Vi  har aldri hatt ein så snøfattig vinter der oppe. Allereie no er det klart at bretrekket ikkje kan setjast i drift.  Korvidt vi skal starte opp med kun stolheis, vert  avgjort i løpet av ei veke eller to, opplyser styreleiar Ola Flo til Fjordingen.

Folk som nyleg var inne i området, kunne rapportere om ekstremt lite snø. Og den som ligg der, er svært laus.

- Håpet er at vi får såpass mildver at snøen set seg, seier  Ola Flo og legg til:

- Frå aksjonærane si side er det svært ønskjeleg å ha drift på sommarskisenteret. Men spørsmålet  blir om det er nokon vits dersom snøforholda tilseier at vi berre kan halde ope nokre få veker. Men som sagt; dette blir avklara i løpet av kort tid. Rigging av stolheisen tek ein dag eller to.