Søkjer om å få låne ordføraren

Sven Flo gjorde ein god jobb under fjorårets arrangement. (Foto: Gunnhild Sindre) 

Nyhende

Stryn Ping Pong Club skal også i år arrangere Oktoberfest i Stryn. Årets arrangement går av stabelen 19.og 20. september.

- Vi vonar å få låne ordførar Sven Flo i paraden laurdag, og som reklamemann med bart og skjegg i månaden forut for arrangementet. Som motyting tilbyr vi god reklame for Stryn, heiter det i søknaden frå Stryn Ping Pong Club.