17. mai-komiteen i Innvik ønskte i år å ha fokus på grunnlovsjubileet, og ba Steinar Hilde i Filmdigitalisering AS om hjelp til dette. Tanken var å lage ein film som viste kvardag og fest i Innvik siste 200 åra.

No er filmen ferdig.

- Det seier seg sjølv at det er lite film å hente frå den første tida. Innvik gjennom 200 år vart det ikkje. Men Innvik i mai vart temaet, og her er både stillbilde, animasjon og levande film, forste Steinar Hilde.

Sist laurdag hadde han førpremiere på filmen, og etter nokre siste justeringar er filmen no ferdig.

- Filmen viser kvardagsliv før og no, og dessutan er der ein sekvens som er eigna til å vekkje all nasjonalkjensle som måtte vere. Dette er glimt frå nasjonaldagsfering i bygda opp gjennom tidene, seier Steinar Hilde.

Han gler seg til visning på 17. mai,  men legg ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid.

- Det har gått ein del kvelds- og nattetimar, ja, seier han.