Folketalsveksten held fram i Stryn -nedgong i Hornindal

Stryn kommune hadde i første kvartal ein positiv folketalsvekst på 17 personar. (Foto: Roy Aron Myklebust). 

Nyhende

Tal frå Statistisk sentralbyrå for første kvartal syner at folketalet aukar med 17 i Stryn kommune. Nabo Hornindal opplever derimot ein nedgong på 9 personar.

Stryn er med dette oppe i 7.151 innbyggjarar og er som tidlegare den fjerde største kommunen i fylket. Hornindal har 1.214 innbyggjarar.

- Eg er veldig nøgd med dette og gir honnør til næringsliv, bygdelag og andre som er med og gjere oss attraktive og får folk til å flytte hit, seier ordførar Sven Flo.