Kvinnelege sjefar i Sogn og Fjordane ligg på lønsbotn

Nyhende

Det er konklusjonen i ei undersøking som De Facto har gjort på vegne av organisasjonen Lederne.

Kvinner i mellomleiarstillingar i Sogn og Fjordane får berre 82 prosent av løna til sine mannlege kollegaer. Målt etter likeløn er Sogn og Fjordane dårlegast i heile Norge, skriv Pressenytt.

Ifølgje undersøkinga tente ein kvinneleg mellomleiar i Sogn og Fjordane i snitt 511 000 kroner i fjor, noko som tilsvarar 82 prosent av snittløna til ein mannleg mellomleiar i fylket. Medsøstre i Møre og Romsdal får til samanlikning 82,4 prosent av manneløna, medan i Hordaland ligg kvinnelege mellomleiarar på 87,8 prosent av løna til sine mannlege kollegaer. Landssnittet er 87,3.

- Det er framleis ein veg å gå. Det blir stadig vanlegare med individuell lønsfastsetjing. Menn er gjerne flinke til å prate seg opp og understreke kor uunnverlege dei er for bedrifta, medan ein del kvinner er litt meir tilbakehaldne. Dette er noko arbeidsgjevarar bør vere bevisste på under lønsforhandlingar, seier Jan Olav Brekke, forbundsleiar i Lederne.