E39 avgjort: Indre linje og Kvivsvegen

Årsettunnelen mellom Grodås og Volda er allereie skilta som E39. No kan vegvesenet halde fram skiltinga etter avgjerda om at E39 skal følgje indre linje.  Foto: Bengt Flaten

No er det klart. Laurdag kan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen opne Hjartåberget som del av E39 mellom Skei og Volda.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Den framtidige E39 skal gå frå Byrkjelo i tunnel under Utvikfjellet, krysse Nordfjord med bru og vidare følgje Kvivsvegen til Volda. Det har regjeringa avgjort.

Saka skulle bli offentleggjort klokka seks tysdag morgon, men har kome ut gjennom Aftenposten si tysdagsutgåve som allereie er sendt ut som e-avis.  Her er det statsminister Erna Solberg som fortel om regjeringa si avgjerd. Solberg seier til Aftenposten at Kvivsvegen vann fordi den er rimelegare og ikkje minst fordi staten allereie har brukt betydelege summar her.

- Nå  er avgjørelsen tatt. Og dermed blir det mulig å skape høyere trykk rundt prosjektet. Nå kan vi begynne med detaljplanleggingen. Jo raskere veivalgene tas, jo lettere blir det å få fortgang i arbeidet med dette, seier statsminister Solberg til Aftenposten.

Som legg til at neste steg for E39 er å sjå på finansiering av dei ulike fjordkryssingane.

- Hordfast (Stord-Bergen) ligger langt framme, det same gjør Møreaksen over Romsdalsfjorden, seier Solberg til Aftenposten.

Til NRK seier Solberg følgjande måndag kveld:

"Det alternativet vi har valt, er det alternativet der du køyrer tunnel under Utvikfjellet, har ei innkorting i Stryn, bru over Nordfjord før du går inn på Kvivsvegen".

Vidare seier Solberg at valet av indre linje gjer at ein får gjort seg nytte av dei veginvesteringane som allereie er gjort med Kvivsvegen og i Hjartåberga.