Vil sende resten av Olden-Innvik ut i det blå

Agjeldstunnelen kan bli det siste prosjektet på fv 60 Olden-Innvik på lenge, dersom fylkesrådmannens innstilling får politisk tilslutning.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Fylkesrådmannen tilrår overfor finansutvalet sitt møte onsdag å reversere den planlagde fullføringa av fv 60 mellom Olden og Innvik. Det betyr i tilfelle at den siste strekninga mellom Agjeldstunnelen og Olden vert ståande som i dag, medan resten av strekninga til Holen snart er ferdig.

Bakgrunnen for den dramatiske tilrådinga er det nye inntektssystemet som gjer at fylkeskommunen dei neste fem åra vil få redusert overføringane frå Staten med godt over 200 millionar kroner.

Fylkesrådmannen opplyser i saksdokumenta til finansutvalet at resterande investering til utbygging mellom Olden og Innvik er kostnadsrekna til 410 millionar kroner.

Tidlegare har fylkestinget lova at heile Olden-Innvik skal byggjast ferdig, men avgjerda rundt siste delstrekning vart av fylkestinget sett på vent i påvente av regjeringa si avklaring om framtidig E39.  Fylkespolitikarane har uttrykt ønske om at Staten tek heile eller delar av rekninga for resten av Olden-Innvik dersom E39 vert lagt langs indre linje. Første politiske sak om kva som skjer med resten av Olden-Innvik kjem truleg i finansutvalet sitt møtet onsdag.

Finansutvalet får onsdag mange dramatiske forslag på bordet. Andre investeringar som er foreslått kutta eller sett på vent er bygging av eit fellesmagasin for musea til ein sum av 90,9 millionar kroner, ein årleg oppdatering på 4 millionar kroner ved tannklinikkane, 20 millionar årleg til ombygging, sikring og rehabilitering av fylkeskommunal bygningsmasse samt Gulating visningssenter til 21 millionar kroner.