No går trafikken gjennom den nye tunnelen

Frå og med i dag kan vanlege trafikantar og ikkje berre anleggsbilar køyre Agjledstunnelen mellom Olden og Innvik.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Klokka 10.00 måndag morgon fekk første bil køyre gjennom Agjeldstunnelen på fv 60 mellom Olden og Innvik. Dermed er Svarthola historie som del av "Norges verste veg".

- Tunnelen er no opna for trafikk, og det skjedde på dagen 78 år etter at kong Haakon opna Olden-Innvik 23. juni 1936, fortel Jon Harald Huseklepp i Statens Vegvesen.

Han oppmodar trafikantane om å følgje vegmerking og passe fartsgrensene i området. Det pågår framleis arbeid i anleggsområdet.

Den offisielle opninga av Agjeldstunnelen vert måndag 30. juni. Då vil fylkesordførar Åshild Kjelsnes klippe snora på den nye vegen.