Bringebær i juni

Wald Lyslo ser optimistisk på bærsesongen etter å ha starta salet av bringebær allereie 25. juni.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Det er rekordtidleg bringebærsesong. Første bæra frå lokal produsent kom i butikkane 25. juni. Den gamle rekorden var 28. juni og skriv seg attende til 2008.

- Eg trur vi kunne levert bær frå 22. juni, men vi må halde fristane i høve til sprøyting, seier Wald Lyslo i Innvik, som var aller først ute. Han reknar med at sesongen vil vare til rundt 10. august, og fortel om god kvalitet på bæra.

Innvik Fruktlager reknar med 450 tonn frå produsentane i Nordfjord før sesongen er over.