Dei som følgde med på den norske dramaserien Heimebane, og sikkert mange elles, fekk truleg med seg replikken frå Hove sin karakter, Sissel Renate. «I’m on fire» vart ein hit-frase, som fort blei plukka opp og nytta vidare i dei raraste situasjonar. Hove har sjølv eit heller anstrengt forhold til replikken.

– Det er litt morosamt, særleg fordi eg tykte det var kleint å spele den inn. Den sat langt inne, ler ho, og forklarar at det var noko med orda og kroppsspråket som baud ho imot då scena skulle gjerast.

– Men det er morosamt at den vart så populær då.

Ho fortel at det har vore mange positive tilbakemeldingar etter første sesong.

– Folk seier dei diggar serien, er hekta og at Sissel Renate er konge, ler ho. Også familien og besteforeldra har vore ivrige følgjarar av serien. Mormora kunne godt tenkt seg at barnebarnet var endå meir sentral.

– Du er der no ikkje så mykje. Der er ei anna som er der støtt, det var nett so eg ville jaga henne. Du kunne godt vore der mykje meir, det kan du seie til dei, var meldinga frå mormora.

Sjølv har Hove litt problem med å ta innover seg alle dei gode tilbakemeldingane, og kjenne på kva ho er med på.

– Det irriterande med meg er at eg tilpassar meg nye situasjonar så kjapt. Ting blir fort så normalt. Skjønar du? Som då eg flytta til England, så var det også normalt etter ein dag. Ikkje «Oh my God, dritkult at eg har flytta til England», liksom.Det var kanskje meir i starten, då eg fekk jobben i Heimebane og då eg var med på settet; «tenk at eg er med på dette!».

Ny sesong: I juni startar opptak av scenene der Josefine bidreg i sesong 2 av Heimebane.

Tøffe tak

25-åringen er heime i Jutedalen. Første av tre år ved skodespelarutdanninga i England er over, og no ventar litt frisørjobbing for å spe på ei slunka studentlommebok. I tillegg blir det innspeling av sesong to av Heimebane. Andre prosjekt er det ikkje så mange av enno.

– Nei, eg har ikkje fått andre jobbtilbod, men det har kanskje også litt med at eg bur i England. Eg har heller ikkje vore så «på» etter nye jobbar, men tenkjer eg vil undersøkje litt mulegheiter no i sommar.

Og kanskje kan det vere greitt for skodespelaren at det ikkje blir for stramt program dei neste månadane. Hove innrømmer at studiet har vore tidvis krevjande.

– Eg har alltid vore god på praktiske ting, men skrivinga har vore tøff. Det har vore 12- timars dagar på biblioteket, seier Hove. Ho fortel at ho har slite med ganske store lese- og skrivevanskar, og når det er mykje som skal lesast, tungt stoff som skal lærast og ein deretter skal bruke det i skriftlege innleveringar, ja då kan det bli tøffe tak.

– Men eg har overraska meg sjølv og har aldri brukt så mykje tid på eit studie som no.

Tilpassingsdyktig: Josefine meiner ho tilpassar seg fort nye situasjonar -nesten litt for fort.

Mentor Lødemel Stokkeland

Innstillinga til skodespelaryrket er noko ho på sett og vis har adoptert frå kvinna ho kallar mentor og motor, skodespelaren Torunn Lødemel Stokkeland. Hove gir henne litt av æra for at ho er komen dit ho er.

– Ja, det var på ein måte ho som gjorde at eg fekk jobben i Heimebane, seier Hove, og forklarar at det var i samband med ei prøvefilming som Stokkeland gjorde til ein reklamefilm, at ho fekk Hove til også å gjere nokre opptak. Dei vart sendt inn og hamna etter kvart i hendene til folk som var involvert i den komande dramaserien, og brått vart ho kalla inn på audition. Resten av historia kjenner vi.

– Hadde eg ikkje sendt inn så hadde det nok ikkje blitt til noko, seier Hove. Eit råd Stokkeland har gitt er å stille seg spørsmålet: Er det dette du verkeleg vil, og vil du det nok?

– Og då må ein vere seriøs, ein må jobbe. Vil du det, må du også bevise det i handling.