Nordfjord vart litt etter klokka halv elleve tysdag kveld råka av eit mindre jordskjelv.

- Det har vore eit lite jordskjelv 10 km aust for for Nordfjordeid, stadfesta førsteamanuensis Mathilde Sørensen ved jordskjelvstasjonen ved Universitet i Bergen til Sunnmørsposten.

Skjelvet vart merka av mange av Fjordingen sine lesarar i området Markane-Hornindal-Holmøy/Skrede.

Ein av dei som registrerte skjelvet var Per Øen.

- Eg tenkte eigentleg først at det var Per Røyrshus som fyrte av ei større salve i steinbrotet i Hola ved Kjøs bru. Det brukar å høyrest slik ut. Men det var litt langvarig til ei slik salve å vere. Eg tenkte difor også på steinras. Det har eg opplevd i nærleiken tidlegare. Men den gongen var det mest lyd, ikkje vibrasjon, slik det var no, seier Per Øen.