- Dei to byrjar å bli skikkeleg lokalkjende. Dei har Nordfjord Reiseguide 2015» som arbeidsreiskap, og dei får mange spørsmål om fjellturar.  Mange kjøper kart og legg ut i den nordfjordske naturen på eiga hand.

- Trøkk når bussane kjem

Det er fullt trøkk på kontoret når plassen ved Heradsheim fyllest opp med bussar.Folk skal ha brosjyre og svar på ei mengde spørsmål på kort tid, og dei set pris på å finne brosjyrar på sitt eige språk.Fjordguiden er på ni språk, men det meste av kommunikasjonen føregår på tysk, engelsk og norsk.– Eg kan nokre få spanske ord, men ikkje mykje, smiler Leif Ståle Skår.

- Interesse for fiske

Turistane er svært opptekne av fiske. Dei vil vite kvar dei kanfiske, kvar dei kan få kjøpt fiskekort og også kva slags fisk somer mogeleg å få på kroken. Leif Ståle har akkurat sendt svar på einE-post med spørsmål om fiske på Lovatnet. Neste spørsmål kjem fråeit ektepar som vil vite om det er mogeleg å kome opp på Dalsnibba.Nokre slag på tastaturet og så kjem det opplysningar på skjermen omat vegen er fri for snø.

Reiseguiden

Reiseguiden femnar Stryn,Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Alt innanfor halv-annantime frå turistkontoret som skal ha svar og kunnskap om det meste.Det er ikkje nok berre med fargerike brosjyrer med Skålatårnet badai sommarsol på framsida. Det må lokalkunnskap til om alle skalkjenne seg velkomne til Nordfjord.