Alle veit at ein får ein tryggare skitur om ein føl fjellvettreglande, men det er ikkje berre vi tobeinte som møter utfordrdingar i påskefjellet. Du må også passe godt på hunden din.

- Dei fleste hugsar nok å smøre seg med solkrem i påskesola, men ikkje alle tenkjer over at også hunden kan bli solbrend. Hugs også på at det ikkje berre er du som treng riktig utstyr i påskefjellet, det same gjer hunden. Følg våre fjellvettreglar, så blir turen ei betre oppleving for hunden også, oppfordrar Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet.

Her er hunden sine fjellvettreglar frå Mattilsynet:

1. Vis respekt for solaHundar kan også bli snøblinde dersom dei vert utsette for sterk sol og UV-stråling. Hundar er like utsette som oss menneske, men enkelte hunderasar (og hundar med nedsett tåreproduksjon) er meir utesette for å bli snøblinde. På fjellet er sola og strålinga sterk, så ver obs på korleis hunden ter seg. Snøblindheit viser seg ofte ved at det byrjar å renne frå auga. Desse blir raude og irriterte. Hunden knip auga att og søkjer ofte til mørkare stadar for å unngå lys.

2. Sjå opp for solbrentheitHundar kan bli solbrende, og tynnpelsa rasar er meir utsette enn andre. Øyre og nase er særleg utsette, samt kroppsdeler utan hår og pigment. Solbrentheit viser seg som skarpe, raude merke eller i verste fall blemmer. Dekk til hunden eller bruk solkrem dersom det er veldig sterk sol.

3. Sjå opp for såre potarSjekk potane jamnleg og gje nødvendig stell og pleie. Lang pels mellom tredeputene kan føre til at det vert danna is- og snøklumpar. Potesalve kan forhindre dette, og det kan også vere lurt å klippe ned pelstustane som stikk ut under labben på hårete raser (ikkje klipp vekk det mellom putene). Sørg for at hunden har velstelte klør. Lange klør sprekk, brekk og flisare seg lett opp, og klo-skader kan vere veldig smertefullt. Bruk potesokkar dersom hunden har fått skadar eller sår. Sokkar kan også førebyggje, men dei må brukast riktig så dei ikkje forårsakar ytterlegare skadar og sår.

4. Bruk riktig utstyrTilpass utstyret som sele eller kløv etter hund og behov, slik at det ikkje oppstår gnagsår eller skadar. Ha gradvis tilvenning til nytt utstyr, ikkje lån av andre.

5. Legg ikkje ut på langtur utan at hunden er trent Også hundar blir slitne, og husk at du sklir fort av garde på skiene. Tilpass fart og turlengde etter klor trent hunden er. Det er tungt for hunden å gå i laussnø og samtidig trekkje pulk eller menneske, tren godt før langturer.

6. Vær rusta mot uhell Ha med enkelt førstehjelpsutstyr som bandasjar, potesokk, potesalve, sportstape og sårsalve. Rådfør deg gjerne med veterinær din før du reise til fjells. Kanskje hunden treng andre medisinar eller har spesielle behov?

7. Sjå opp for frostskader Hundar kan få frostskadar og enkelte område på kroppen er meir utsett, som øyre, potar, hale og kjønnsorgan. Dersom uhellet er ute må du ikkje forsøke å gni hunden varm - det kan øydeleggje huda. Frostskadar må behandlast av veterinær. Viss du har ein tynnpelsa hund kan det vere lurt å ha med noko han kan liggje på under lange rastar ute.

8. Pass godt på kvalpen i kulda Ikkej alle hunderasar er like godt tilpassa kulde. Utetida må tilpassast temperaturen. Kvelpar har ikkje same evne til å regulere kroppstemperaturen som voksne dyr, så ta spesielt hensyn til unge hundar. (Skjelving kan være eit teikn på at hunden frys, men kan også berre bety at han er oppspelt/glad.)

9. Hugs ekstra fôr Hunden brukar meir energi når han er i aktivitet, og han brukar også meir når det er kaldt, for å halde kroppstemperaturen oppe. Det må du ta omsyn til når du fôrar. Dersom de er på ein krevjende tur kan det vere lurt å gje ekstra fôr eller tilsetje ekstra feitt i fôret.

10. Ikkje gje hunden sjokolade Hunder tåler ikkje stoffet teobromin, som finst i kaffi, te, cola, kakao og sjokoladeprodukt. Sjølv små mengder sjokolade kan gje uregelmessig puls og andedrett, i verste fall kan hunden bli forgifta. Ligg unna sjokoladesnacks, hugs dei vanlege godbitane!