Nyhende →
Leiteaksjon i Stryn
Etter at ein mann i 20-åra ikkje møtte på avtalt stad i Stryn sentrum natt til søndag, blei forsvinninga meldt til politiet. Dette skjedde i halv fem-tida. Det blei sett i gang ein leiteaksjon der både poltiet og 12 personar frå Stryn Røde Kors Hjelpekorps var med. Rett før klokka åtte kom den sakna til rettes i god form. Han hadde opphalde seg seg i eit hus i sentrumsområdet.