«Spekter» er namnet på utstillinga til kunstnarane Solveig E. Hopland og Heidi Josefsen i Stryn kulturhus.

Utstillinga viser, som tittelen gjenspeglar, eit stort spekter av arbeid, frå det heilt figurative og naturlaistiske til det abstrakte.

Solveig E. Hopland er frå Hopland, men bur i dag i Sykkylven. Ho har også tidlegare stilt ut i Stryn, og dessutan delteke på ein del kollektivutstillingar i mellom anna Bergen og Ålesund. Mesteparten av hennar arbeid er klassisk, naturalistisk stil, mellom anna fleire landskapsmåleri.

Kollega Heidi Josefsen er også busett i Sykkylven. Ho har også hatt ein naturalistisk stil, men har arbeidd seg meir over mot det abstrakte og mot sjangerkryssing av stilartar. Det er første gong ho stiller ut i Stryn.

Kunstutstillinga vil stå framme til søndag 16. oktober.