Stryn kommune har i fleire år praktisert "det papirlause samfunn"  når det gjeld handsaming av politiske saker. Alle utvalsmøte, formannskap og kommunestyre baserer seg på bruk av nettbrett.

Då formannskapet la møtet til Vikane skule, måtte dei skru tida attende.

- I dag er vi igjen henvist til bruk av papir, opplyste ordførar Sven Flo. Dermed fekk han og dei andre politikaran erfare problema som mange av skulane slit med: Eit datanettverk som ikkje fungerer. Rektor Turid Øye Rustøy etterlyste i den samanheng svar på førespurnad som Mons Rustøy hadde sendt kommunen angåande dataproblema.

- Det er motteke og registrert, var svaret frå rådmannen.