Moods of Norway skal i år flytte store delar av produksjonen sin frå Asia til Europa. Neste år skal 75 prosent av produksjonen skje i land som Portugal, Italia og Tyrkia, skriv Nett.no.

I fjor var forholdet motsett. Da fekk Moods of Norway 75 prosent av kleda sine laga i Asia, men er i god gang med å flytte produksjonen nærare heimlandet.

– Dette er den store snakkisen i bransjen, seier Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke til Nett.no.

For klesmerket frå Stryn er ikkje det einaste som delvis trekkjer seg ut av Asia no. Årsaka er mellom anna at tekstilfabrikkane i Kina og andre asiatiske land stiller høgare krav til volum og betre betaling.

Men den viktigaste årsaka til flyttinga er trenden med såkalla «fast fashion», at kundane i dag ventar å finne kleda i butikken kort tid etter lanseringa, forklarer Staalnacke og dagleg leiar Jan Egil Flo.

– Vi har kutta leveringstida frå fire månader til seks veker, seier Flo.

Dei to presenterte omleggingsplanane på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag.

Sjølv om det har gått tråare for Moods of Norway dei siste par åra med underskot i 2014 og truleg nullresultat i 2015, trur Flo selskapet skal komme på beina igjen. Dei har lagt bort kostbare ekspensjonsplanar i USA, slanka staben og satsar no først og fremst på sal gjennom eigne butikkar. (©NPK)