Knut Leirgulen har ei lang karriere som lærar og rektor. No brukar han sine kunnskapar og breie erfaring til norskudnervisning på Stryn statlege mottak i Innvik. Noko som inspierer den røynde skulemannen.
- Eg har aldri tidlegare hatt elevar som er så interesserte, sa Knut Leirgulen då han orienterte Stryn formannskap om opplegget. På spørsmål om kva språkform asylsøkjarane lærer, var Leirgulen klokkeklar.
- Her er det berre nynorsk og strynedialekt som gjeld!
Stryn statlege mottak har dei to første månadane hatt norskundervisninga på Langvin. Etter det som kom fram av politiske signal i siste formannskapsmøte, er det ønskjeleg å leggje undervisninga til Styrkhallen.
- Vi er i dialog med leiinga i Styrkhallen, men har ikkje landa nokon avtale, seier skule- og kultursjef Odd Einar Fimreite til Fjordingen.