Ordførar Stig Olav Lødemel var til stades då Ørsta og Volda starta sitt felles kommunestyremøte i Loen i dag. Akkurat som stryneordførar Sven Flo hadde også han ei helsing til møtedeltakarane i starten av møtet.
- Interessant møte, seier han til Fjordingen.
Lødemel seier det finst mange gode grunnar til at Hornindal framleis skal vere eiga kommune, og viser mellom anna til gode tenestetilbod, godt oppvekstmiljø, gode faglege miljø og ledige bustadareal.
Men kommunereforma har ført kommunen inn i ein prosess med eigengransking, og ein ser då element som svak folketalsutvikling og endring i dei økonomiske rammene, til dømes.
- Fysisk og digital kommunikasjon er eksempel der utviklinga harinnhenta dagens kommunekart, sjå berre på bankane, seier Lødemel.
- Eg trur at vi i framtida vil sjå at kommunen "vertein app". Naturligvis ikkje tenestene i form av barnehage, skule,helse og andre fysiske tilbod, men kontakta med innbyggjarane iform av søknadar, rapporteringar osb. Fysiske besøk påkommunehuset/rådhuset vert det trulig mindre og mindre av iframtida.
Lødemel understrekar at dei grepa ein gjer no, må vere meint å vare.
- Det må føresetast at den kommunestrukturen som no blirvedteken vil bli gjeldande i fleire tiår framover, noko som ogsåvil vere eit viktig element i vurderingane av korleis dennestrukturen skal sjå ut. Personlig så er eg av den meining at einslik prosess er så krevjande at vi må ta skritt som monnar. Vi kanikkje drive med dette kvart tiande år, seier Lødemel.
- Eg meiner at ei samanslåing av Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn vilvere den beste måten å løyse regionen sine framtidige utfordringarpå, avslutta hornindalsordføraren.
- Vi har eit breitt og variert næringsliv, ei god blanding avoffentlig og private arbeidsplassar, sterke på reiseliv og store pålandbruk. Med andre ord ei ny moderne kommune med mange bein å ståpå.