Ved årskiftet innførte Stryn kommune forbod mot all røyking i arbeidstida. Det gjeld også for politikarar når dei er på kommunal grunn og/eller utfører oppdrag som folkevald. At protestane no er langt mindre enn då KrF-politikar Jon Knut Drageset på slutten av 1970-talet fekk stoppa røyking i Stryn kommunestyre, viser at verda har gått framover også på dette området.
Jon Knut Drageset hugsar godt då han i enkelte kretsar gjorde seg upopulær ved å be om at det ikkje vart røykt under kommunestyremøta i Stryn samfunnshus.
- Salen hadde vindauge som ikkje kunne opnast. Fleire representantar røykte under møta og utlufting var umogeleg. Med mine astma- og allergiplager vart det ein særs vanskeleg situasjon, fortel Jon Knut Drageset.
Det som vidare skjedde, var at ordførar Leiv Blakset - til sterke protestar - imøtekom forslaget om røykfritt lokale. Men det var ikkje slutt med det. Ein kommunestyrerepresentant harselerte gjennom lesarinnlegg i Fjordingen med "klokkaren" i Loen og hans mangelfulle omsyn og ansvarstaking for for røykarane!
- Eg var visst litt før mi tid, ler Jon Knut Drageset når vi minner han på dette.