- Ver forsiktig i leområde der det samlar seg ferske nysnøflak, som bak ryggar, i søkk og renneformasjonar, melder NVE på varsom.no For Fjordane og Sunnmøre er det no moderat snøskredfare. NVE reknar med at dette held seg uendra komande døgn.

Nysnøflak er hovudskredproblemet over heile landet. Det er først og fremst vertilhøva som styrer snøskredfaren. Stigande temperaturar utover påska vil auke faren for våte laussnøskred.

- Det betyr at skredfaren kan endre seg raskt, og folk bør følgje med dagleg på varsom.no for å halde seg oppdatert, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Solveig Kosberg.