Statens vegvesen Region vest bur seg på ekstremvêret som er venta til Vestlandet i dag.

- Vi vil setje krisestab om det blir naudsynt, og har heva byggherreberedskapen på drift og vedlikehald av vegnettet inn mot helga, seier avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden, i ei pressemelding.

Etter orkanen «Dagmar» i 2011 har Vegvesenet gjort fleire tiltak for å sikre god beredskap. Etaten har mellom anna investert i fleire satellitt-telefonar, slik at dei kan halde kommunikasjonslinjene opne også i ein krisesituasjon.

- Med mykje vind og nedbør aukar også faren for skred rundt om i fylket. Det kan bli aktuelt å stenge utsette vegstrekningar som eit førebyggjande tiltak, seier Finden.

Med bakgrunn i dei vêrmeldingane som har gått ut vil det truleg bli problem med å halde nokre av fjellovergangane opne. I tillegg kan bruer og ferjesamband, spesielt i dei ytre delane av Sogn og Fjordane og Hordaland, bli stengde på grunn av sterk vind.

Det er også mykje is langs vegane og i terrenget. Med temperaturauken vi har opplevd den siste tida, kombinert med uvêret som no er på veg, aukar faren for nedfall av stein og tre.

- Vi ber om at folk vurderer behovet for å ferdast ute når vêret står på som verst, er oppmodinga frå avdelingsdirektør, Olav Finne i Hordaland.