Når to av fire omgangar av VM i skiflyfing er gjennomført ligg Anders Fannemel på ein sjetteplass.
Fannemel hoppa 234 meter i det første hoppet og låg også som sjettemann etter første omgang. I det andre hoppet vart det 214,5 meter under litt tøffare forhold.
Det er Kenneth Gangnes som leiar VM halvvegs i konkurransen føre Peter Prevc. Gangnes hoppa 236 meter i første omgang og 216 meter i det andre hoppet. Prevc leia etter førstehoppet der han imponerte med 243 meter, men slo av til 213,5 meter i andre omgang.
Gangnes leiar med 1,3 poeng på Prevc, Johann Andre Forfang på fjerdeplass og Fannemel ligg altså på 6. plass omlag 21 poeng bak teten.
I morgon skal verdsmeisteren kårast når dei siste to omgangane vert gjennomført.