I ettermiddag opnar NM i skiskyting på Dombås med stafett for herrane og damene. Sogn og Fjordane stiller med to herrelag. Etter planen skulle begge Bø-brørne gå saman med førdeløparane Håvard Gutubø Bogetveit og Ole Martin Erdal, men no har yngstebror Bø meldt fråfall grunna forkjøling.

- Han har i dag tidleg meldt fråfall, og no går Jarle MIdthjell Gjørven (Markane) inn på førstelaget, opplyser Eline Fannemel frå skiskyttarkrinsen. 17-åringen Vegard Skrede (Hardbagg) overtek Gjørven sin plass på andrelaget. Der går elles Johan Eirik Meland, Trygve Aaland Tryggestad og Håkon Midthjell Gjørven.

Sogn og Fjordane hadde også håp om å stille eit damelag, men det lukkast dei ikkje likevel opplyser Fannemel til Fjordingen.