Legevaktslege Bent Ingebrigtsen i Hornindal heldt eit innlegg som vart mykje lagt merke til då Senterpartiet og SV sine stortingsgrupper inviterte til møte om nasjonal helse- og sykehusplan i Stortinget torsdag.

Heile helse-Norge var representert på møtet, alt frå presidenteni legeforeningen til overlegar ved fleire sjukehus, Mads Gilbert ogfleire av topp-politikarane innanfor helse.

Sogn og Fjordane haddefleire innleiarar på møtet, mellom dei legevaktslegen i Hornindal, Bent Ingebrigtsen. Itillegg til han var Bente Øien Hauge, Jan Geir Solheim, HansGunnar Våge og Christoffer Sørpoll Blålid frå sjukehusaksjonenNordfjord til stades, samt representantar frå Volda sjukehus.

Nasjonal helse- og sykehusplan skal handsamast av Stortinget i mars. Helse- og omsorgskomiteen har vedteke høyring i Stortinget omNasjonal helse- og sykehusplan 18. januar. Berørte kommunar ellersjukehus vil ikkje kunne delta. Det var difor dei to omtalte partia no inviterte til møtet. Føremålet med samlinga var at fagfolk, venneforeningar, sentrale oglokale folkevalde frå alle parti kunne drøfte innhald og utviklling av framtidige sjukehus og konsekvensane av å sentralisereakuttkirurgien.

Sentrakle spørsmål har her vore korleis slike sjukehus skal kunne sikre kvalitet, beredskap,rekruttering og utdanning? Vidare korleis ein skal sikre oppgåvefordeling ognettverkssamarbeid mellom store og små sykehus.