Det skriv Vest politidistrikt på Twitter søndag kveld.

Gut (17) sakna av kameratane sine etter Motorfestivalen. Sist sett i sentrum mellom kl. 04-05 natt til søndag. Pårørande er varsla og er i Stryn. Frivillige mannskap er kalla ut, melder politiet.

Det er sett igang leiteaksjon i område rundt Stryn sentrum etter at ein 17 år gammal gut er meldt sakna etter motorfestivalen i helga. Foto: Thomas Thaule

Den sakna er iført: Svart hettegensar, beige jakke, svart bukse, kvit T-skjorte og gule sko. Mannskap frå Røde Kors, Norske redningshundar og Norsk Folkehjelp er kontakta. Mannskap frå lokalt brannvesen søker i eitt par elvar rundt sentrumsområdet.

Evt. tips: politiet på tlf 02800

Eit område langs utløpet av Stryneelva er sperra av i samband med leiteaksjonen. Foto: Thomas Thaule