Det seier politiførstebetjent Vidar Stavik.

Siste observasjon av Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad før han vart funnen omkomen i sjøen i Stryn søndag kveld, var på ein campingstol i området ved Bilskadesenteret i Stryn tidleg søndag morgon.

– Vi er veldig usikre på siste observasjon, då det var kameraten som hadde høyrt av andre at dei hadde sett han. Difor er vi og usikre på klokkeslettet. Det kan ha vore klokka 04 og det kan ha vore ein time seinare, seier Stavik.

– Meldingane går på at guten vart observert sitjande i ein campingstol. Kven som har sett han, veit vi ikkje. Vi ønskjer meir info om det, og gjerne kome i kontakt med folk som eventuelt har teke film eller bilete i området.

Parkeringsområdet her var storbilparkering under motorfestivalen, og det var i dette området avdøde og kameraten hans hadde parkert bilen dei begge sov i, opplyser Stavik.

– Om nokon sett han eller fanga han i dette området eller ned mot sjøen, er vi interessert i å få desse opplysningane. Det er for å kartlegge hans siste bevegelsar. Vi har Ikkje fått nokon opplysningar som gir mistanke om at det har skjedd noko straffbart, seier Stavik.

Avdøde hadde på seg signalgule Nike sko, svart dongeribukse, kvit og beige jakke og ein caps.