17 år gamle Teo frå Solund vart årets nykommar, og Fred Reiersen frå Førde vart kåra til årets bakomperson.

Luttprisane for 2022 vart delt ut i eit utseld Operahus på Nordfjordeid fredag.

– Det er eit veldig flott knippe med vinnarar i år. Men eg trur juryen hadde ein utfordrande jobb med å bestemme seg, seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle, i ei pressemelding.

Luttprisen vert delt ut gjennom røystene til publikum og ein fagjury. Folkejuryen samla fantastiske og rekordmange 26.978 røyster. I fagjuryen sat Arnt-Ivar Naustdal, Line Dybedal, Christian Eikenes, Øyvind Lyslo, Tone Lin S. Skovro, Erling Waage og Kristin Sandal.

Odd-Erik Lothe har vore ein nasjonal artist sidan 90-talet. Mange av låtane han har laga har hamna på spelelistene til norges største radiokanal, NRKP1. Han har bak seg tretten album og saman med bandet sitt Fabel vart han nominert til Spelemannspris. I 2022 gav han ut albumet Jaguar saman med bandet Mighty Magnolias til strålande meldingar, skriv NRK i ei pressemelding.

«Vinnaren fortener prisen for all den flotte musikken han har laga og som han har gleda det norske publikummet med. Han er ein framifrå musikar og vokalist. Han lagar gode og stemningsfulle tekstar som blir framført på klingande Nordfjord-dialekt. Stolt hyllar vinnaren heimbygda, Nordfjord og fylket med songane sine», skriv juryen i deler av grunngjevinga si.