– Vi har tekniske problem på scena som gjer at vi må avlyse. Teater Vestland hadde sett fram til å spele “Mødrevariasjonar” i Stryn. Framsyninga har hatt eit godt førehandssal, og teateret synest det er leit at kulturhuset må avlyse framsyninga. Så dette er veldig kjedeleg for alle, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.

Viss nokon framleis vil sjå framsyninga, så går den på Operahuset på Nordfjordeid fredag kveld.

Om ein har kjøpt billettar på nett, blir desse automatisk refundert. Dei som har kjøpt billettar i kulturhuset kan få dei refundert der.

Stryn kulturhus beklagar så mykje for ulempene, og håpar at flest muleg får med seg informasjonen om avlysinga på nettsider og sosiale media.