Brannvesen og politi rykte ut til brann i ein einebustad i Nedstryn søndag kveld. Brannen vart meldt litt før kl. 21.00.

- Det har vore god varme i huset, men heldigvis har alle personar i huset kome seg ut. Mannskapet vårt har kontroll på situasjonen og det er ikkje lenger nokon open flamme å sjå, kunne brannsjef Jarle Dragesæt opplyse til Fjordingen ved 21.30-tida.

Fjordingen kjem tilbake med oppdatering.