Arrangøren av fakkelstafetten i Stryn fredag gjekk før helga ut med oppmoding om hjelp til å kartlegge alle nasjonar som er representert i kommunen. Desse ønskjer dei skal vere del av ei flaggborg fremst i toget. På lista hadde dei 43 land, no har ytterlegare seks kome til.
Det er kome innspel på at Australia, Tyrkia, Canada, Mexico, Marokko og Tjekkia mangla. Med Norge sitt flagg skulle det bli totalt 50 nasjonar.
- Men korleis skal de få ordna flagg til alle desse?
- Vi har kontakta United World College i Fjaler og dei sender flagg til oss. Fluorlux lager skilt med namn på landa, fortel Nella Katrin Flo Tonning, som er med og organiserer opptoget. Med to personar til å bere flagg og namneskilt per land, blir det mykje folk i sving.
- Vi har no fått tak i 28 av konfirmantane som hjelper til. Vi tenkte å bruke flest mulig ungdomar til oppdraget, seier ho.
Fakkelstafetten er ein del av oppkøyringa til Ungdoms-OL på Lillehammer i februar. Stryn er einaste staden i fylket som får besøk av denne.