Anders Fannemel viste svært solid hopping i dagens renn i Willingen.

Honndølen låg på 6. plass etter eit hopp på 141,5 m i første omgang, og med 130,5 m under tunge forhold i andre omgang enda han på 7. plass.

- To gode hopp, fastslo NRK sin ekspertkommentator Anders Jacobsen, som meinte dette absolutt var noko å ta med seg vidare til komande helg, når VM i skiflyging skal gå av stabelen i Kulm.

Det var elles ein imponerande  norsk dag i bakken, med fem nordmenn blant dei ni beste.

Suverene Peter Prevc vann rennet, slik han har gjort seks gongar før denne sesongen, framfor Kenneth Gangnes og Severin Freund.