Hopprennet i tyske Titisee-Neustadt i dag er avlyst Først vart kvalifiseringa avlyst på grunn av vinden, deretter vart sjølve rennet utsett. Men då den kraftige vinden heldt fram, såg ikkje juryen noko annan løysing enn å avlyse.

Anders Fannemel hoppa svært godt i denne bakken i går, og hadde i dag gode sjansar til å kjempe om ei ny plassering i toppen.

Anders ligg no på 11. plass i verdscupen.