Dei to unge idrettsutøvarane Malin Riise Gran (14) og Hege Renate Espeland Glosvik (15) fekk tysdag tildelt stimulansepokalar frå Stryn T&IL for sin iver og sine ferdigheiter innan henhaldsvis friidrett og fotball.

Riise Gran har dei siste åra utmerka seg som eit stort friidrettstalent, med særleg tak på dei kortare løpsøvingane. Ho fekk mellom anna med seg førsteplass i krinsmeisterskapen og Sparebank 1 leikane i Ørsta. I tillegg vart det 3. og 4. plass under Veidekkelekene på Lillehammer, eit stemne som er blant dei største i landet for born og ungdom.

I førre sesong kunne ho notere seg for desse personlege rekordane: 28,58 på 200-meter, 13,74 på 100-meter og 8,53 på 60-meter. Det vart også trekt fram under tildelinga at 14-åringen viser eit stort engasjement og er alltid klar for innsats.

Eitt år eldre Hege Renate Espeland Glosvik har vore aktiv i fleire idrettar, både som utøvar og instruktør. I turn har ho instruert yngre utøvarar sidan 2014. Som utøvar er ho med på Stryn sitt damelag i fotball.

- Å kombinere skule og idrett ser vi på som ein svært meiningsfull måte å fylle livet sitt med. Jenta vi her snakkar om er nettopp eit bevis på dette, heitte det mellom anna i tildelinga.