Eit nytt varmtvassbasseng i Stryn kommune er framleis den viktigaste saka for Stryn og Hornindal Revmatikarlag. No er fokus på å få nok pengar til å starte forprosjekt.

– Lotteritilsynet har gjeve laget løyve til å selje 7000 lodd innan 1. juli 2016. Gjer vi det, har laget om lag 200.000 kroner til skisseprosjekt/ forprosjekt til nytt varmtvassbasseng i Stryn. Medlemmene i laget ser fram til at det kjem, heiter det i ein uttale frå laget. Då det gamle bassenget vart stengd i 2006, vedtok kommunestyret at det skulle byggjast nytt. Saka vart diskutert under årsmøtet sist månad.

Desse er valde til det nye styret for 2016: Magnhild Berge leiar, Karin Aaning nestleiar, Gunnhild Fjellvang sekretær, Brita Høgalmen styremedlem, Sivert Sande styremedlem. 1.vara Anne Kaspersen, 2.vara Elin Rusten. Per Jakob Tunold held fram som innleigd kasserar, opplyser revmatikerlaget.