Skihopparane får ein travel innspurt. Dei på plassi skiflygingsbakken i Planica, og fekk ein tidleg start på dagen då det vart arrangert eit ekstra verdscuprenn i skiflyging.

Anders Fannemel stod for omgangens lengste hopp i første omgang, då han strekte seg til 228,5 m.

- Ingen som flyg så fint som Fannemel nedover i bakken, sa NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen.

Etter første omgang leia Severin Freund,  Tyskland etter å ha hoppa 227.5 m, framfor Johann André Forfang (226 m) og Peter Preevc (223 m), medan Anders Fannemel var nr. 7.

Fannemel slo av nokre meter i andre omgang, landa på 213 m og måtte dermed ta eit par steg ned på resultatlista.

Peter Prevc vann rennet og slo dermed Gregor Schlierenzauer sin rekord i tal verdscupsigrar i ein sesong (vann 13 sigrar i 2009).

Johann Andre Forfang kom på andre plass, medan Robert Kranjec tok tredjeplassen med dagens lengste hopp, 241,5 m.

I morgon er det nytt verdscuprenn i Planica, medan det laurdag er finale i verdscupen i laghopping.