På dagens sprint under norgescuphelga på Ullsheim slo heimehåpet Aksel Mathias Meland til med eit kjempeløp og vart nummer to. Meland var 29 sekund bak vinnaren Filip Fjeld Andersen på sprinten over 7,5 km.
Dei to 17-åringane har kjempa jamne løp i hovudlandsrenn og Youngstar tidlegare, og etter første skyting låg dei heilt likt. Men sjølv om begge fekk ein bom på kvar av dei to skytingane, drog Andersen frå i sporet. Etter andre skyting var det 15 sekund og i mål vart det altså 29 sekund klaring.