Onsdag i påskeveka opplevde Hornindal Skisenter ein av sine store dagar når det gjeld aktivitet og driftsinntekter.

- Vi hadde denne dagen omsetning på 110.000 kroner, fortel driftsleiar Amund Sverre Tomasgard til Fjordingen.

Skisenteret i Grendadalen har for lengst bikka millionen i årsomsetning og ligg an til å få eit nytt godt driftsår.

Også skjærtorsdag og langfredagar var det bra aktivitet i anleget til Hornindal Skisenter. Men påskeaftan og 1. påskedag bestemte leiinga  seg for å stenge på grunn av vind og dystre vermeldingar.  I dag går trekket som planlagt.

- Blir det drift etter påske?

- Vi må sjå det litt an. Men planen er å halde ope komande helg, seier Amund Sverre Tomasgard.