Miljøservice i Stryn har hatt storfint besøk nyleg: Alfred Bamse frå Bulandet.

Alfred Bamse har eigen Facebook-profil og eiga nettside. Denne bamsen er nemleg ein aktiv kar.

Alfred er klassebamse for 1. -3. klasse på Bulandet skule, og hans spennande eventyr har faktisk blitt til fleire bøker. Så langt finst bøkene Alfred Offshore, Alfred Bamse på sjukehus og Alfred på tur i Ask-voll kommune.

I god miljøbevisst ånd har klassebamsen Alfred Bamse no tenkt å skrive bok om gjenvinning.

Idéen kom visst ein gong han hadde fått i seg i overkant mykje bær, og sat tilsvarande lenge på potta. Difor konsentrerer han seg om gjenvinning av kloakk, fortel Alfred Bamse sin «manager», Kurt Rutledal.

For å få mest mogeleg realistisk forsking har bamsen frå Bulandet besøkt Miljøservice AS i Stryn og vore med septikbilane på oppdrag. Og det har han teke på alvor:

– Alfred Bamse titulerer seg som «kosolog» på skulen, men når han forskar på gjenvinning av kloakk, då titulerer han seg som assisterande kloakkmedarbeidar, understrekar Rutledal.