Det dreier seg om tre høgteknologiske, autonome fartøy kalla FiskOtterar, som skulle fange opp signal frå laksesmolt og kartlegge vandringsrute.

Dei var på oppdrag for eit prosjekt kalla KLAFF, som handlar om «kystnær vandring og åtferd til vill laksesmolt frå to nasjonale laksevassdrag kartlagt med autonome farkostar».

– Målsettinga til prosjektet er å få kartlagt vandringsrute og - fart til flest muleg akustisk merka laksesmolt som er på veg ut i havet frå Nordfjord våren 2022, fortel prosjektleiar Henning Andre Urke.

Professor Jo Alfredsen (t.h.) og masterstudent Vetle ( NTNU, Teknisk kybernetikk) på strynebukta sist veke. Foto: Privat

Tidlegare studiar har vist at dei fleste smoltane brukar utløpet gjennom Vågsfjorden i ytre Nordfjord. Men det er ikkje kjent kvar smolten tek vegen vidare i det han er ute av fjorden. Til dømes om han går rett til havs, om han bøyer av nordover langs kysten eller om han på ein eller annan måte tek opphald i det nære kystområdet, heiter det i prosjektet.

Kunnskap om dette er viktig for å til dømes kunne vurdere eksponering mot lakselus og estimere kva veg laksen tek til beiteområda i Norskehavet.

I utgangspunktet er planen å la USV AutoNaut patruljere i det ytre fjordområdet i den aktuelle vandringsperioden, og deretter følgje smolten ut i havet etter kvart som den dukkar opp. Utfordringa med dette er å vere på plass «når det skjer».

Det blir difor lagt opp til fortløpande overvåking av utvandringa frå Stryne- og Eidselva ved installasjon av såkalla sanntids lyttebøyer i elveosane. Sanntidsbøyene gir kontinuerleg beskjed om fiskedeteksjonar og tidspunkt for utvandring frå elva, og kan nyttast til å estimere kva tid smolten kjem til det ytre området. Det er også aktuelt å sette ut sanntidsbøyer på andre strategiske punkt ut etter fjorden, fortel prosjektleiaren.

Det er i tillegg brukt farkostane USV FishOtter i indre område av fjorden for å kunne dekke eit større område.

– Det er desse Otterane vi har brukt på Stryneelva og i vika sist veke, seier prosjektleiaren. No i slutten av mai er dei på tokt lenger ute i Nordfjord.

For 2022 er det planlagt utprøving av fleire nye funksjonar i farkostane som potensielt skal hjelpe til og forenkle denne operasjonen. Blant anna er det utvikla algoritmar som kan rekne ut fisken sin nøyaktige posisjon i høve til fartøyet ved hjelp av svært nøyaktig tidfesting av dei akustiske signala ein mottek frå fisken. Dette vil hjelpe fartøyet i å kunne velje optimal rute når det skal spore fisken. I tilfelle gode vêrtilhøve vil det vere mogleg å bruke USV FishOtter også i ytre strøk.

– Fordelen med dette er at vi disponerer tre slike fartøy og at ein dermed kan dekkje eit større område. USV FishOtter er utstyrt med kommunikasjon og algoritmar som gjer at dei kan samarbeide om å finne merka fisk, dvs. «gå manngard» i fjorden. Ved deteksjon av fisk, kan dei deretter samarbeide om å følgje og spore fisken, heiter det i skildringa av prosjektet.

Dette er teknologi som hittil berre har vore utprøvd teoretisk og eksperimentelt under kontrollerte tilhøve. Studiet i Nordfjord kan difor bli første gongen det blir demonstrert i praksis, og vil i tilfelle vere banebrytande for utvikling av fisketelemetrimetodikken og fiskeåtferdsstudiar generelt.

Prosjektet vil etablere eit kunnskapsgrunnlag som skal bidra til ein meir heilskapleg  forvalting av vill laksefisk i området. Foto: Privat

Fangar opp signal frå fisken

Akustisk telemetri er ein teknologi som er mykje nytta i fiskeøkologiske undersøkingar av vandringar i vassdrag- , fjord- og kystsystem .

Gjennom å merke fisk med akustiske sendarar, og utplassere eit nettverk av passive lyttebøyer som fangar opp signal frå sendarane, vil individuelle fisk kunne identifiserast og plasserast i tid og rom. Akustisk telemetri fungerer både i ferskvatn og sjøvatn, og er difor ein særs godt egna metode for kartlegging av heile elve- og fjordvandringa hos laksesmolten.

Kartlagt laksemolt i fem år

Prosjektet vil etablere eit kunnskapsgrunnlag som skal bidra til ein meir heilskapleg  forvalting av vill laksefisk i området.

Gjennom KLAFF- prosjektet har ein kartlagt detaljar på utvandring og fjordvandring til laksesmolt i fire år for Eidselva og fem år for Stryneelva.  Basert på resultat frå studiane gjennomført i Stryneelva og Eidselva kan forvaltnings- og næringsaktørar no gå frå å bruke ein estimert/ikkje-empirisk smoltutvandringsperiode til å bruke reelle data eller modellar som er avleia frå reelle data.

– Prosjektet er eit samarbeid Elveigarlaga i Stryn og Eidselva, NTNU, NMBU, Nord universitet, Veterinærinstituttet og Aqualife R&D AS.

– Det er finansiert av Kunnskapsdepartementet og oppdrettsaktørar med fleire.