Det er klart at Stryn møter sunnmørslaget Godøy i den andre kvalikrunden til NM-cupen. Godøy spelar i 4. divisjon.

- Spennande!  Eit lag vi ikkje har spelt mot før. Eg veit veldig lite om dei, men tidlegare Aafk- og vikingspelar Joakim Austnes spelar der, seier strynetrenar Johann Sigurdsson.

Kampen blir spela i Stryn 30. mars, og vinnaren er då klar for første ordinære runde i cupen.

Sjå heile oppsettet for 2. kvalikrunde her.