Jon-Fredrik «Joffen» Hopland, trommis frå Stryn og frilansmusikar i L.A., er i ferd med å skrive eit nytt kapittel i musikkhistoria si. I april spelar han på ein av verdas største musikkfestivalar. Siste året har han satsa stort med bandet Raw Fabrics, men denne epoken er no over.

– Eg slutta i Raw Fabrics i november. Det var utruleg trist, men nødvendig. Det bandet var ein stor draum som gjekk i oppfylling. Eg har opplevd, lært og erfart utruleg mykje av å vere i Raw Fabrics, seier han til Fjordingen.

Stor suksess

Berre tre veker etter han slutta i Raw Fabrics var han ute på nye oppdrag.

Først på USA-turné med popartisten Dyllan Murray. – Turneen heitte Digitour, og vi spelte i rundt 20 byar med mellom 500 og 1.000 hylande jenter kvar konsert, seier Jon-Fredrik. For han sjølv skulle denne turnéen vise seg å bli svært viktig.5Quad, gruppa som stod øvst på plakaten, fekk interesse for trommisen og vil no bruke Jon-Fredrik på slagverk på sine neste turnéar. Manageren til Dyllan har også planar om å bruke «Joffen» i fleire av sine prosjekt.

– Han har jobba med artistar som 2pac, Beyoncé og Justin Timberlake, fortel Jon-Fredrik.

«Joffen» vart også spurt om å spele konsertar med det norske bandet Lemaitre. Dei hadde den nest mest spelte låten på P3 i 2015, og har platekontrakt i USA.– Vi spelte i Webster Hall, største nattklubben i New York, i midten av januar og på to utselde konsertar i Santa Barbara og San Francisco i slutten av månaden. Konsertane gjekk utruleg bra og no er eg faste trommisen deira i USA, fortel Jon-Fredrik.

Det største eg har opplevd

I april ventar musikkfestivalen Coachella.

– Festivalen ligg tre timar utanfor LA og er ein av dei største i verda. Han varar i to helgar og vi skal spele fredagen begge helgane. Guns N’ Roses skal spele reunion showet sitt laurdagen. I fjor selde dei ca. 200.000 billettar over begge helgane, og festivalen er allereie utseld for i år. Eg hugsar då eg var på Reading Festival i England for seks år sidan og sa at eg gleda meg til å spele på ein så stor festival. No skal eg spele på ein festival som er like stor eller større, og på ei av dei største scenene i tillegg. Dette blir det største eg har gjort som musikar hittil! seier «Joffen».

100 konsertar

Sidan går det slag i slag, med ny runde Digitour med Dyllan Murray i april/mai og turné med Lemaitre i to månadar til hausten.

– Coachella er midt i Digotour-turnéen, så då flyr eg frå turneen stil til festivalen og tilbake igjen. Slik det ser ut kjem eg til å spele over 100 konsertar i år, seier ein travelt oppteken «Joffen».