Medan skitrekket i Hornindal ventar på meir snø for å opne att, kan driftsleiar Amund Sverre Tomasgard fortelje om fine forhold for langrenn i Grendadalen.

- Det er sjølvsagt hardt etter at veret slo om til kulde, men forholda er gode i rundløypa i Grendadalen. Vi har preparert med eitt spor for klassisk og eitt for fristil. I helga var det like mykje trafikk i skiløypa som ein ofte såg på påskedagar før i tida. Mange honndøler var ute i løypene, men fleirtalet var nok snøhungrige sunnmøringar. Som bonus fekk dei også sol, seier Tomasgard.

- Kva med løypa til Honndalssetra?

- Her treng vi meir snø før vi kan preparere. Vi kryssar fingrane og håpar på snø både med tanke på langrenn og alpint, seier Tomagard.